Om
Dølarock er fellesarv med fanskare frå dei yngste til dei eldste. Med eit stort felles repertoar er det ikkje langt etter allsang og glede. Denne kvelden kjem BAKSIA med unge solister, Hillbabies og Arild Skar med band.
PROGRAM:
Kl 18.00 Middag (bordbestilling)
Kl 21.00 Konsert med BAKSIA og unge solister
Kl 22.30 Hillbabies og Arild Skar
Billett: 350,-
ID: 18 år etter kl. 22.30
BAKSIA med unge solister
Baksia har vore fast på Rudi i august i 20 år. No tek unge solistar plassen til nestor Trond Halle, og bandet, låtane og stemninga – det er den same!
Hillbabies
HILLBABIES er ein rutinert gjeng musikere frå Gudbrandsdalen, som har stor glede av å møtast og framføre Hellbillies sine låtar. Respekten for originalen og låtane er stor, og med hyllesten til orginalen får Hallingdal har HILLBABIES vorte ein publikumsyndling!
HILLBABIES er:
Simen Bjørkli Stubbrud - gitar/mandolin/vokal
Syver Fossen - gitar
Steinar Flatemo – piano/orgel/trekkspill/vokal
Svein Ivar Sæther – trommer
Tormod Myrvang – vokal/bassgitar
Arild Skar med band
Arild Skar har eit trufast publikum av både unge og godt vaksne. Han har vore ein del av musikkmiljøet i Gudbrandsdalen i nærare 40 år, og er ein av pionerane i dølarockmiljøet. Han har opptredd både som trubadur og med band i mange år, og produserer stadig nye songar på fronsdialekt. Med eige band kjem han for å synge sine særeigne tekster om tida som var, gjerne i møte med den verda vi lever i dag. Draumane til Urban døl, og klassikaren Horten Hus blir framført i ny versjon. Låter, så som Slepp me te og Ongkar frå Lesja, har for vane å få allsangen til å ljome i veggane.
TripAdvisor
Åpningstider
Rudi Gard (6 Aug 2022) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Lørdag | 20:30 |