Om
«Når mykje anna vaklar i verda, held eg meg til Gudbrandsdalen», har Knut Buen postulert.
Den som har opplevd Knut Buen på eit eller annet vis, gløymer det ikkje. Mannen og kunstnaren strålar av livsvisdom og autoritet. Du trur på Knut Buen – slik er det berre. I oppsettinga Kjenslevev har felemeisteren og bogeføraren i meisterklassa skrive dikt som fortel om et levd liv som har ført til kloke tankar om det å vere menneskje og kulturberar.
Når så Buen og Sigmund Groven, munnspelar i same klasse, kvar for seg og i lag har skrive musikken i Kjenslevev, så syner dei to telemarkingane oss kva enorme kapasiteter dei er og på det området. I tillegg bidreg Anne Gravir Klykken og Aasmund Nordstoga – og dei frå Telemark – med tolking av dikta på kvar sin unike måte. Den musikalske altmoglegmannen Kjetil Bjerkestrand ber heller ikkje om synthenes forlating, med eit resultat som set avtrykk i alle sansar i kjensleveven.
Knut Buen | Hardingfele og diktlesing
Sigmund Groven | Munnspel
Anne Gravir Klykken | Song
Aasmund Nordstoga | Song
Kjetil Bjerkestrand | Synthesizer
TripAdvisor
Åpningstider
Kulturhuset Banken (1 Okt 2023) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Søndag | 15:00 | - 16:30 |